EU utvidar sanksjonar mot Syria 

EU legg til 16 nye namn til lista si over personar som er underlagt sanksjonar på grunn av krigen i Syria. 
utenriks

Vedtaket kjem som ein reaksjon på bruken av kjemiske våpen i Syria, no sist i Khan Sheikhoun den 4. april, forklarer Storbritannias utanriksminister Boris Johnson.

– Dette viser handkrafta vår i forfølginga av dei som står bak kjemiske angrep, seier han.

EUs ministerråd meiner dei 16 namngjevne personane har vore med på å utvikla og bruka kjemiske våpen mot sivilbefolkninga i Syria. Det er snakk om åtte militære leiarar og åtte forskarar.

Frå før står over 300 personar og selskap på sanksjonslista.

EU har også innført ein oljeembargo mot Syria, frose midlane til den syriske sentralbanken i EU og lagt grenser på investeringar i Syria og eksport av varer og tenester til landet.

(©NPK)