33 soldatar frykta omkomne i Kamerun 

Minst 34 soldatar frå Kameruns spesialstyrkar er sakna og er frykta omkomne etter at eit marinefartøy kantra og gjekk ned.
utenriks

Ifølgje forsvarsministeren i landet var det 37 soldatar frå Kameruns spesialstyrkar om bord i fartøyet då det gjekk ned søndag. Tre soldatar er berga, mens 34 er sakna.

Fartøyet, som også frakta byggjematerialar til ein militærbase, kantra mellom byane Limbe og Bakassi.

(©NPK)