Trump ønskte Erdogan velkommen til Det kvite hus

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan har komme Det kvite hus for å ha samtalar med USAs president Donald Trump.

– Vi ser fram til å ha ein lang og produktiv samtale, sa Trump til pressa da han ønskte Erdogan velkommen.

Øvst på dagsordenen til dei to presidentane står venteleg den amerikanske våpenstøtta til Dei syriske demokratiske styrkane (SDF) og Erdogans erkefiende Fethullah Gülen, som bur i USA.

SDF er sett saman av kurdiske og arabiske krigarar, og er dominert av gruppa YPG, som Tyrkia oppfattar som ein forlengd arm av PKK, som står på terrorlista i fleire land. Den tyrkiske regjeringa er derfor rasande over den amerikanske våpenstøtta.

(©NPK)

Siste nyhende

Mnavgagwa tilbake i Zimbabwe

Den avsette visepresidenten i Zimbabwe, Emmerson Mnangagwa, er tilbake i landet. Han skal etter planen ta over makta etter Robert Mugabe.

Putin roser Russland, Tyrkia og Iran for Syria-innsats

På eit minitoppmøte i Sotsji i Russland gir president Vladimir Putin seg sjølv, Tyrkia og Iran æra for å ha hindra ein kollaps i Syria.

EU oppmodar til forsoning etter dommen mot Mladic

Alle leiarar på Balkan må heidre offera ved å arbeide for forsoning, lyder bodskapen frå EU etter at Ratko Mladic vart dømd for folkemord og krigsbrotsverk.

Ratko Mladic dømd til livstid for folkemord i Srebrenica og andre krigsbrotsverk

Tidlegare hærsjef Ratko Mladic er i Haag-domstolen kjend skuldig i folkemord og brotsverk mot menneskja.