EØS strevar med å ta unna rettsakter

Meir enn 500 rettsakter står i kø for å bli tatt inn i EØS-avtalen. EU er ikkje fornøgd.

Tysdag møttest EU og EØS-landa til det faste halvårige rådsmøtet sitt i Brussel.

Der vart det lagt fram ein framdriftsrapport for samarbeidet i EØS. Den viser at i alt 501 rettsakter har gått over fristen for innlemming i EØS-avtalen.

Det er rett nok ein reduksjon på 3,1 prosent frå det førre møtet i november i fjor. Men frå mai til november i fjor svulma talet med nærmare 20 prosent.

Talet er framleis for høgt, blir det slått fast i slutterklæringa frå rådsmøtet. Europaminister Frank Bakke-Jensen (H) legg ikkje skjul på at EU-sida gav uttrykk for misnøye.

– Vi får skjenn for talet på rettsakter. Men vi får òg skryt for at vi er gode på viktige område, seier Bakke-Jensen til NTB.

Han trekkjer fram finansreguleringa og garantiordninga for bankinnskot som spesielt vanskelege saker.

– Finans er eit komplisert felt. Behova i dei tre EØS-landa er veldig forskjellige, så her strevar vi med å få gjennomslag for det som passar oss, seier Bakke-Jensen.

Andre problemsaker er det tredje postdirektivet, telekombyrået Berec og direktivet for offshoretryggleik.

(©NPK)

Siste nyhende

FARC lanserer politisk parti

Den venstreorienterte FARC-geriljaen i Colombia lanserer om ein dryg månad eit politisk parti, i tråd med fredsavtalen dei har inngått med styresmaktene. 

Ukraina vil ha FN-styrkar ved grensa til Russland

President i Ukraina Petro Porosjenko ber om at det blir utplassert FN-soldatar ved grensa til Russland.

Löfven: – Det som har skjedd, er alvorleg

Statsminister i Sverige Stefan Löfven seier det var i januar i år han først blei informert om at sensitive opplysningar kunne vere på avvege.

Svak nedkjøling av veksten i eurosona

Økonomien i dei 19 eurosonelanda kjølte seg noko ned i julivarmen, viser ein ny rapport.