Kilde: – Lapp med IS-hyllest funnen ved Paris-drapsmann

Ein handskriven lapp som hyllar islamistgruppa IS, vart funnen i nærleiken av mannen som drap ein politibetjent på Champs Elysees, ifølgje ei kjelde.

Lappen vart oppdaga ved liket av den 39 år gamle franskmannen Karim Cheurfi, ifølgje AFPs ikkje namngitte kjelde.

I tillegg fann politiet ei utgåve av Koranen i køyretøyet hans på åstaden, skriv nyheitsbyrået.

Den ytterleggåande islamistgruppa IS tok via sin propagandakanal Amaq på seg ansvaret for skytinga i Paris torsdag kveld. Ein politimann vart drepen og to andre personar såra, deriblant ei tysk kvinne.

(©NPK)

Siste nyhende

FN: Færre flyktningar har komme frå Libya etter EU-avtale

Talet på flyktningar som har nådd Italia via Libya, har falle kraftig sidan EU inngjekk ein omstridd avtale med libyske styresmakter, opplyser FN.

Syrisk opposisjon gjentar krav om Assads avgang

Ei gruppe syriske opprørs- og opposisjonsgrupper krev enda ein gong at president Bashar al-Assad må gå av.

Argentinsk marine: Ubåt kan ha vore ramma av eksplosjon

Ein eksplosjonsliknande lyd vart registrert rett etter at den argentinske ubåten med 44 menneske om bord forsvann for ei veke sidan, opplyser marinen i landet.

Rwanda vil ta imot 30.000 migrantar utsette for slavehandel i Libya

Rwanda kunngjer at dei vil tilby seg å ta imot rundt 30.000 flyktningar som har vorte utsette for slavehandel av væpna grupper i Libya.

Sveits lover pengehjelp til EU-land 

Sveits vil gi 10,7 milliardar kroner i økonomisk hjelp til fattige medlemsland i EU.