Gislar frigitt etter 16 månader fangenskap i Irak

26 gislar, blant dei medlemmer av kongefamilien i Qatar, er frigitt, 16 månader etter at dei vart tatt til fange av opprørarar i Irak, opplyser kjelder i Irak.

Gruppa, som dreiv jakt med falkar, vart bortført frå ein leir i det sørlege Irak i desember 2015. Fredag vart dei ifølgje anonyme irakiske kjelder frigitt og overlatne til innanriksdepartementet i Bagdad.

Ifølgje kjeldene har det lenge gått føre seg forhandlingar mellom Iran, Qatar og den libanesiske Hizbollah-militsen, og det skal vere ubetalt millionar av dollar til ulike sunnimuslimske og sjiamuslimske grupper for å sikre at gislane vart sette fri.

Det er ikkje kjent kven som har halde dei 26 som gislar, og styresmaktene i Qatar har enno ikkje bekrefta at dei er sette fri.

(©NPK)

Siste nyhende

Syrisk opposisjon gjentar krav om Assads avgang

Ei gruppe syriske opprørs- og opposisjonsgrupper krev enda ein gong at president Bashar al-Assad må gå av.

Argentinsk marine: Ubåt kan ha vore ramma av eksplosjon

Ein eksplosjonsliknande lyd vart registrert rett etter at den argentinske ubåten med 44 menneske om bord forsvann for ei veke sidan, opplyser marinen i landet.

Rwanda vil ta imot 30.000 migrantar utsette for slavehandel i Libya

Rwanda kunngjer at dei vil tilby seg å ta imot rundt 30.000 flyktningar som har vorte utsette for slavehandel av væpna grupper i Libya.

Sveits lover pengehjelp til EU-land 

Sveits vil gi 10,7 milliardar kroner i økonomisk hjelp til fattige medlemsland i EU.