Video viser korleis Orly-angripar overraska soldat og tok våpenet hennar

Videoopptak frå Orly-flyplassens overvakingskamera viser korleis angriparen laurdag klarte å overraske ein soldat og deretter ta frå henne automatvåpenet.

Opptaket viser korleis Ziyed Ben Belgacem grip soldaten rundt skuldrene då den andre soldaten som patruljerte saman med henne, var litt lenger framme. Deretter slepp han frå seg ein bag som inneheldt ei kanne bensin. Med ein lada revolver drar han soldaten bakover, viser opptaket, som Associated Press har fått tilgang til.

I ein liten augneblink er det ingen som ensar at noko skjer. Ein passasjer med ein trillekoffert går forbi soldaten som blir halden fast, mens den andre soldaten held fram patruljeringa lenger framme. Plutseleg begynner folk å trekkje seg unna då angriparen drar med seg soldaten mot dei.

Han ropar at han ønskjer å drepe og døy for Allah, og prøver å dra automatvåpenet ut av hendene på soldaten nær ei samling passasjerar.

Videoen viser at Belgacem brukar henne som skjold etter at han skal ha fått kontroll over våpenet hennar. Men han reiser seg opp, noko som gir kollegaene hennar høve til å skyte han. Den kvinnelege soldaten kryp unna og Belgacem blir skoten og drepen. Heile opptrinnet varte i mindre enn tre minutt. Ingen andre vart såra.

Obduksjon viser spor av kokain, cannabis og alkohol i blodet til 39-åringen. Ifølgje påtalemakta var han på ein bar tidleg laurdag.

Far til 39-åringen har i intervju uttalt at sonen ikkje praktiserte islam, og at han drakk alkohol.

(©NPK)

Siste nyhende

Nashornhorn skal seljast på nettauksjon i Sør-Afrika

Det er gitt klarsignal for ein nettauksjon av nashornhorn i Sør-Afrika, etter at høgsterett i landet godkjente salet.

FN: Tusenvis vil flykte frå IS-kontrollerte område i Irak

Kampen for å ta tilbake IS-bastionen Tal Afar i Irak har begynt. Det er venta at tusenvis av sivile vil flykte frå området, opplyser FN. 

Omstridt forsamling i Venezuela gir seg sjølv lovgivande makt

Den regjeringsvennlege grunnlovsgivande forsamlinga i Venezuela har vedtatt å gi seg sjølv lovgivande makt.

Erdogan ber tyrkarar halde seg unna dei tre største partia i Tyskland 

President i Tyrkia Recep Tayyip Erdogan ber tyrkarar busett i Tyskland om ikkje å stemme på dei tre største tyske partia under valet i september.

Fransk politi fjernar 2.000 migrantar i Paris

Politiet i Paris fjerna fredag rundt 2.000 migrantar frå ein provisorisk leir nord i byen. Det er 35. gong på to år politiet gjennomfører ei slik bortvising.