FN: 38.000 drivne på flukt i Afghanistan hittil i år

Konflikten i Afghanistan har så langt i år tvinga over 38.000 menneske på flukt frå heimane sine, ifølgje FN.

Ifølgje ein rapport frå FN som vart lagt fram måndag, er folk drivne på flukt så å seie over heile landet, i provinsar aust, nord, nordaust, sør og sentralt i landet. Verst er det i provinsane Kunduz og Baghlan nordaust i Afghanistan.

57 prosent av alle dei som er drivne på flukt hittil i år, er barn under 18 år, ifølgje FN-rapporten.

FN åtvarar også om at situasjonen spesielt i sør kan forverre seg betrakteleg når Taliban innleier sin våroffensiv. Det brukar som regel å skje i månadsskiftet mars-april.

FN anslår at så mange som 450.000 sivile afghanarar vil bli tvungne på flukt internt i landet i 2017.

I 2016 vart det registrert over 653.000 internt fordrivne i Afghanistan.

(©NPK)

Siste nyhende

Minst 65 drepne i moskéangrep i Afghanistan

Minst 65 menneske er drepne og over 50 er såra er i sjølvmordsangrep mot to moskear i Afghanistan.

Alvorleg for to medlemmer av forgifta dansk familie

Tilstanden er alvorleg for to medlemmer av den danske familien som ligg på sjukehus med det som truleg er soppforgifting. To barn i familien døydde torsdag.

TV4 tar programleiar av lufta etter skuldingar om seksuell trakassering

Den svenske TV4-profilen Martin Timell blir tatt av lufta etter skuldingar om at han i årevis har trakassert kvinnelege medarbeidarar seksuelt.

EU-rassia mot BMW

EU-kommisjonen gjennomførte denne veka ein rassia mot hovudkontoret til den tyske bilprodusenten BMW i München. 

Kurz har fått regjeringsoppdrag i Austerrike

Presidenten har formelt gitt Sebastian Kurz (31) i oppdrag å danne regjering i Austerrike. Han blir den yngste leiaren i verda.