EU vil ha plan for å stengje Libya-ruta

Menneskesmuglarar må nedkjempast, grenseovervakinga må styrkjast og utsendingar frå EU må intensiverast, konkluderer EU etter møte med nordafrikanske leiarar.

Møtet fann stad i Roma og hadde som mål å leggje planar for korleis EU i samarbeid med nordafrikanske leiarar kan stengje ruta som migrantar og flyktningar nyttar for å ta seg over havet frå Libya til Europa.

Bakmenn frakta i fjor 181.000 menneske over havet frå Libya til EU. Meir enn 4.500 døydde eller forsvann undervegs, heiter det i ei fråsegn frå møtet måndag.

Ifølgje Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) har 15.852 migrantar til no i år nådd fram til Italia etter å ha tatt seg over Middelhavet, og 481 har mista livet undervegs.

– Bakmennene er den største gruppa som skor seg på denne aktiviteten, og landa må samarbeide for å øydeleggje denne forretningsmodellen, heiter det i ei felles møtefråsegn.

Styrking av grensetiltak og raskare utsending av dei som har tatt seg ulovleg over grensene, blir satsingsområde, ifølgje møtefråsegna.

Italia skreiv i februar under på avtalar med Libya og Tunisia for å lettare kunne kjempe imot menneskesmuglarar, og for å få på plass strengare grensetiltak.

(©NPK)

Siste nyhende

Farleg skogbrann under kontroll i Portugal

Brannmannskap i Portugal har greidd å få kontroll over enda ein skogbrann som har rast i fem dagar i nærleiken av der 64 personar døydde i helga.

London-politiet: Mann døydde av fleire skader under moskéangrep

Den 51 år gamle mannen som blei erklært død etter angrepet mot moskeen i Finsbury Park i London i førre veke, døydde av ei rekke skader, opplyser politiet.

Anslagsvis 600 høgblokker i England har brannfarlege fasadar

Anslagsvis 600 høyhus i England har brennbare fasadeplater som liknar på dei som dekte Grenfell Tower, opplyser statsminister Theresa May. 

Der Spiegel: Tyskland spionerte på Det kvite hus

Tysk etterretningsteneste spionerte i lang tid både på amerikanske styresmakter og næringsliv, deriblant på Det kvite hus, ifølgje nyheitsmagasinet Der Spiegel.

Nær 30 drepne av bilbombe utanfor bank i Afghanistan

Dei fleste offera var sivile då ei bilbombe eksploderte utanfor ein bank i Helmand sør i Afghanistan torsdag, ifølgje styresmaktene. Dødstalet har stige til 29.