David Rockefeller (101) er død

Den amerikanske milliardæren og filantropen David Rockefeller er død, 101 år gammal.

Det opplyser ein talsmann for familien måndag. 101-åringen døydde av hjartestans i heimen sin i Pocantico Hills i delstaten New York.

David Rockefeller var overhovud for den segnomspunne Rockefeller-familien, ein av USAs rikaste familiar.

Han vart fødd i 1915 som son av oljemagnaten John D. Rockefeller Jr. og barnebarn av John D. Rockefeller Sr. Sistnemnde var den første amerikanar som vart dollarmilliardær og vart i si tid omtalt som "den rikaste mannen i verdshistoria".

Barnebarnet David Rockefeller var ifølgje Forbes sjølv god for 3,3 milliardar dollar, tilsvarande om lag 28 milliardar kroner.

(©NPK)

Siste nyhende

Tyrkiske flyangrep skaper bekymring i USA

USA er «djupt bekymra» over dei tyrkiske flyangrepa mot kurdiske mål i Irak og Syria, heiter det i ei fråsegn frå det amerikanske utanriksdepartementet.

Amerikanske F35 øver i Estland

Amerikanske F35-fly har for første gong landa i Estland. Dei avanserte kampflya skal delta i øvingar i det vesle NATO-landet.

Irakiske styresmakter fordømmer tyrkiske flyangrep

Den irakiske regjeringa fordømmer dei tyrkiske luftangrepa i Nord-Irak. Fleire medlemmer av styrkane til den kurdiske sjølvstyreregionen vart drepne i angrepa.

Enorme mengder «falsk mat» beslaglagt

Nesten 10.000 tonn forfalska og potensielt helseskadeleg mat og drikke er beslaglagt i Europa og andre delar av verda på fire månader.

Minst 15 sivile skal vere likviderte av IS i Mosul

Irakiske tenestemenn opplyser at minst 15 sivile er likviderte av ekstremistgruppa IS i Mosul.