Auschwitz-bokhaldar fekk ikkje medhald i anke

(NPK-NTB-AP): Den 95 år gamle Oskar Gröning, som var tilsett som bokførar i konsentrasjonsleiren Auschwitz, har ikkje fått medhald i anken sin. Dermed blir dommen på fire års fengsel for å vere delaktig i drap på 300.000 menneske ståande.
utenriks

Den opphavlege dommen blir halden oppe, uttalte Grönings forsvarar Hans Holtermann måndag.

Gröning blei i fjor dømt til fire års fengsel.

Det er første gong at ein tysk ankedomstol har avgjort å fatte ei avgjerd basert på at ein er delaktig i drap berre ved å vere tilsett i ein konsentrasjonsleir.

Gröning jobba med å bokføre verdisakene til jødane. Han sorterte verdiar og telte pengar som blei tekne frå dei som blei drepne eller brukt som slavearbeidarar.

Den tidlegare Waffen-SS-soldaten hadde ein kontorjobb og tok ikkje direkte livet av nokon, men han er like fullt medansvarleg og delaktig i massedrap, heitte det i dommen i fjor. Gröning beklaga i retten det han gjorde i Auschwitz og sa at ingen skulle ha delteke i det som skjedde der.

Rundt 1,1 millionar menneske, dei aller fleste av dei jødar, blei drepne i Auschwitz. (©NPK)