Det vart klart etter at den førebelse terminlista for 2018/2019-sesongen vart fastsett under eit møte i den tekniske komiteen i Det internasjonale skiforbundet (Fis) i Zürich nyleg.
Terminlista kan framleis bli endra og skal først godkjennast endeleg under Fis-kongressen i Costa Navarino i Hellas i mai.
Forslaget som no ligg på bordet, inneber at kombinertløparane får ikkje mindre enn ni verdscuprenn før jul neste sesong. Det er to fleire enn i vinter.
Førjulssesongen blir avslutta med to renn i Ramsau 22. og 23. desember.
– Det blir litt spesielt og betyr nok at vi må prøve å komme oss heim på sjølve julekvelden. Kan hende er det lurt å tinge billettar snart, smiler kombinert-sportssjef Ivar Stuan til NTB.
Nye renn i Noreg
Verdscupsesongen startar som vanleg med renn i Ruka, før det er det duka for mini-tour over tre renn på Lillehammer.
Helga etter blir det etter planen to nye verdscuprenn på norsk jord, men kven som blir arrangør for desse, er enno ikkje avgjort.
– Veldig positivt. Ingenting er betre enn at vi får to renn til her i Noreg, seier sportssjef Stuan.
Trondheim, som denne sesongen hadde eitt verdscuprenn på tampen av sesongen, ligg førebels ikkje inne med renn neste sesong. Spørsmålet er om trønderane får dei to renna i desember som så langt ikkje har fått arrangørstad.
– Eg kan ikkje sjå for meg så mange andre stader i Noreg som er aktuelle, seier Stuan.
I alt ligg det uansett an til å bli seks verdscuprenn i Noreg neste vinter. Tre på Lillehammer, to på ein førebels ukjent stad og eitt i Holmenkollen.
Rekordmange
På nyåret held elles Otepää og Val di Fiemme fram som verdenscuparrangører, mens den årlege kombinerttrippelen i Seefeld denne gongen er flytta til Chaux-Neuve i Frankrike. Årsaka er sjølvsagt at Seefeld er VM-arrangør seinare på vinteren.
Etter verdsmeisterskapen i Austerrike blir sesongen avslutta med renn i nemnde Holmenkollen og i Schonach i Tyskland.
Totalt skal kombinertløparane gjennom 30 renn. Det er historisk mange.
– Så mange har det aldri vore før. Det er fantastisk, men samtidig intensivt og krevjande. For kvar konkurranse er jo løparane i prinsippet gjennom to konkurransar, seier Stuan.
Truleg fører det tette programmet til at det må gjerast tøffe prioriteringar for å stå best mogleg rusta inn mot VM i Seefeld. Det kan bety at somme løparar prioriterer vekk enkelte verdscupkonkurransar.
(©NPK)