Frå torsdag 8. mars og fram til søndag 11. mars vart det skote innleiande skyting i fylkesmeisterskapen i miniatyr. Fleire skyttarar frå Eid og Nordfjord gjorde det svært bra.

Vegard Taklo, Hundeide skyttarlag, gjorde det best av alle og vart den einaste frå Nordfjord som kunne smykke seg med tittelen «Fylkesmeister» i miniatyr etter stemnet. Vegard skaut 343 poeng.

Stor spenning

I fylkesmeisterskapen skyt alle ei innleiande skyting på 25 skot, og som er utgangspunkt for finaleomgangen som vart avvikla søndag. Det var stor spenning til avsluttinga søndag og mykje skyttarar, familie og andre skyteinteressert til stades under finaleavvikling i skytehallen i Aurland. Nær 240 skyttarar var påmelde til stemna, og det deltok godt over 200 skyttarar.

I klasse 3–5 var det spenning om kven som kunne ta tittelen i år. Lars Elling Haugsvær leverte ei kjempegod innleiande skyting med 249 poeng og plasserte seg på skive ein før finaleomgangen Regine Nesheim frå Eidsbygda skaut 245 poeng på si innleiande skyting. Det gav henne skive tre før finalen, ein plass ho skulle vise seg meir enn verdig.

Regine overraska

I finalen var det mykje god skyting. Solhaug skaut 100 poeng i finalen med fem innerblink. Regine Nesheim måtte og då ha 100 poeng og meir enn 5 innerblink for å slå Solhaug. Ho skaut 100 poeng og heile 8 innerblink under omgangen og dermed leia ho før Sunde og Haugsvær hadde fått anvist. Då Ove Sunde berre klarte 98 poeng med 3 innerblink i finalen, leia Regine Nesheim før Haugsvær si skive skulle anvisast.

Lars Elling Haugsvær er ein erfaren skyttar og han stod imot presset, skaut 99 poeng i finalen. Dermed var spenninga over, og han vann klart med sine 348 poeng samanlagt, og vart fylkesmeister.

Gode ungdomar

I rekruttklassen vart det ein flott 5.-plass til Marte Skeistrand, Eidsbygda, som prikka inn heile 346 poeng. Fredrik Taklo, Hundeide, var nummer 3. i klassen eldre rekrutt med 346 poeng. I den same klassen vart det sjuandeplass i finalen for Stian Skeistrand, Eidsbygda, 342 poeng.

Resultat meisterskap

Klasse 3-5: 1. Lars Elling Haugsvær, Oppedal/Brekke, 348. 2 Regine Nesheim Eidsbygda, 345. 3. Vegard Solhaug, Aurland, 345. 4. Ove Sunde, Dale (Sunnfjord, 344. 5 Benedikte Oppedal, Oppedal/Brekke, 343. 6. Lars Ove Dulsvik, Sogndal, 342. 7. Tarjei Oppedal, Oppedal/Brekke, 341. 8. Janne Haugnes, Florø, 341. 9. Hildegunn Strand, 341.

Rekrutt: 1. Kristin Husum, Leikanger, 349. 5. Marte Skeistrand, Eidsbygda, 346.

Eldre rekrutt: 1. Tor Kristian Dulsvik, Sogndal, 349. 3. Fredrik Taklo, Hundeide, 346. 7. Stian Skeistrand, Eidsbygda, 342.

Eldre Junior: 1. Vegard Taklo, Hundeide, 342.

Veteran 73: 1. Ottar Strandheim, Lavikdal, 349. 4. Odd Peter Skinlo, Hyen, 347.

Veteran 55: 1. Jon Magnar Gjerland, Holsen, 347. 4. Leiv Reksten, Nordbygda og Rand, 343.

Overraska: Regine Nesheim har utmerka seg internasjonalt i sportsskyting. Denne helga vart ho nummer to i fylkesmeisterskapen i miniatyr etter svært god finaleskyting. Foto: Arkivfoto