Nilsson står over 10-kilometeren

Stina Nilsson viste storform då ho vann OL-sprinten i Pyeongchang tysdag. Likevel stiller ho ikkje på startstreken på 10 kilometer fri teknikk torsdag.
sport

I staden ønskjer ho å spare krefter til andre OL-renn.

– Eg veit ikkje om eg har lov til å seie det, men eg bestemte meg allereie før sprinten at eg ikkje skal gå 10-kilometeren. Eg kunne kanskje ha gjort det bra, men eg vil heller investere i resten av meisterskapen, seier Nilsson.

Ho sparar truleg kreftene til stafetten (laurdag) og sprintstafetten (neste onsdag). På sprintstafetten blir det fort Nilsson og Charlotte Kalla som skal kjempe om gull mot tysdagens sølvvinnar Maiken Caspersen Falla og Marit Bjørgen.

(©NPK)