Kortvarig gullglede for Choi

Choi Min-jeong lét seg hylle av heimefansen som vinnar av 500 meter skøyter kortbane, men feiringa enda i bitter skuffelse.
sport

Først viste målfotoet at italienske Arianna Fontana var først over mål. Deretter blei Choi diska i finalen for å ha hindra ein konkurrent. Dermed blei ho flytta heilt ned til sjetteplass, bak vinnaren av B-finalen.

– Eg slo henne, med eller utan diskvalifikasjonen, sa Fontana etter å ha sikra det første gullet for Italia i Pyeongchang-leikane.

Ho tok den sjette OL-medaljen i karrieren sin og er dermed mestvinnande kortbaneløpar saman med kinesiske Wang Meng.

– Eg gjorde mitt beste. Sjølv om det ikkje enda godt, angrar eg ingenting, sa Choi.

– Men eg synest synd på dei koreanske tilskodarane.

Yara van Kerkhof frå Nederland blei flytta opp til sølv, mens Kim Boutin frå Canada fekk bronse.

Det britiske medaljehåpet Elise Christie, som blei diska tre gonger i Sotsji-OL, var med i tetstriden heilt til ho fall på siste runde og enda på fjerdeplass.

Fleire av favorittane rauk ut før finalen på grunn av straff. Det gjaldt kinesarane Fan Kexin og Qu Chunyu og den canadiske veteranen Marianne St-Gelais. Det amerikanske stjerneskotet Maame Biney enda sist i kvartfinalen sin.

(©NPK)