Wathne sluttar i TV 2

Davy Wathne gir seg i TV 2. TV-profilen takka torsdag arbeidskameratar for samarbeidet gjennom meir enn to tiår, skriv Dagens Næringsliv.
sport

Wathne, som blir 68 år 1. nyttårsdag, har vore eitt av TV 2s mest kjente ansikt sidan kanalen starta opp i 1992. Torsdag takka han kollegaene i ein e-post, skriv DN.

«Med takk for uforgløymelege augneblink gjennom eit kvart hundreår. Møt utfordringane i framtida med rak rygg, sunn skepsis og ubestikkeleg integritet. Dette fikser de saman», skriv Wathne ifølgje avisa.

I eit intervju med same avis nyleg lufta veteranen sin frustrasjon over eigen arbeidsgivar.

– Eg er skuffa over at eg ikkje får brukt arbeidskrafta mi. 2017 er blitt mykje meir innhaldslaust, mindre arbeidskrevjande og mindre interessant. Derfor kjem det ikkje som noka overrasking på leiarane mine at eg syslar med andre planar, men det er langt frå tatt noko avgjerd, sa Wathne.

No skal avgjerda altså vere tatt.

(©NPK)