Poisson mista skia og trefte tre i dødsulykka

Alpinisten David Poisson, som nyleg omkom på trening i Canada, trefte eit tre etter å ha sust gjennom sikkerheitsnettet, opplyser Frankrikes skiforbund.

Ifølgje forbundet mista Poisson skia på veg nedover treningsløypa på skistaden Nakiska, og dermed mista han kontrollen og fall stygt før han gjekk gjennom sikkerheitsnettet og trefte eit tre.

Den 35 år gamle franskmannen deltok måndag i ein felles treningsomgang med fartskøyrarar frå andre nasjonar. Fleire landslag er i Nakiska for å førebu seg til verdscuprenna i Lake Louise i slutten av månaden.

– Sidan i går kveld har Frankrikes skiforbund vore i kontakt med Davids familie for å støtte dei i denne forferdelege stunda, skriv forbundet.

Poisson hadde sjølv mista sin kreftsjuke far berre to veker før han døydde i alpinbakken. Han lèt etter seg ein son på halvtanna år.

I 2013 oppnådde Poissons høgdepunktet i karrieren sin då han tok bronse i utfor i VM i Schladming. Det rennet blei vunne av Aksel Lund Svindal.

(©NPK)

Siste nyhende

Noreg herja med Sør-Korea, Løke-retur med eit smell

Heidi Løke og handballjentene starta VM-oppkøyringa med å rundjule Sør-Korea med 39–28 torsdag.

Utfortreninga avlyst torsdag òg

Den planlagde gjennomkøyringa av utforløypa i Lake Louise torsdag måtte avlysast. Arrangøren vil spare på traseen til helga.

FIS lèt dei russiske langrennsløparane gå i Ruka

Dei seks russiske langrennsløparane som IOC har stengt ute på livstid, får gå verdscupopninga i Ruka i helga.

Skal undersøkje demens-fare hos fotballspelarar

Ein ny studie skal finne ut om det er ein samanheng mellom headingar og demens for tidlegare fotballspelarar, opplyser det engelske fotballforbundet.

Vipers trekte Issy Paris

Vipers Kristiansand møter Club Lada (Russland), Issy Paris (Frankrike) og København (Danmark) i gruppespelet i EHF-cupen.