Ny norsk landslagsnedtur

Rune Jarstein stoppa Hertha-kollega Ondrej Duda fleire gonger, men måtte gi tapt då Duda fann Stanislav Lobotka på overtid. Landslagsåret enda pinleg.

Duda og Slovakia-stjerna Marek Hamsík kom til fleire store moglegheiter, men vart stoppa av Jarstein kvar gong inntil Duda serverte Lobotka på overtid og sørgde for 1-0-siger til Slovakia. Då måtte sjølv Jarstein gi tapt på ein kveld der Noreg stod fram heilt utan idear offensivt.

Jarstein stod ein glimrande kamp på streken i sin 50. A-landskamp for Noreg. Jarstein viste igjen at han er det klare førstevalet til landslaget. 33-åringen var soleklart den beste spelaren for Noreg tysdag. Dessverre fekk han altfor liten hjelp av utespelarane.

Noreg skapte ingenting, om vi ikkje tar med to frispark i muren frå kaptein Håvard Nordtveit og Mohamed Elyounoussi, før Ola Kamara heada utanfor like før Slovakia avgjorde kampen.

Sleit med Hamsik

Vertane derimot skapte store problem i det som var Noregs siste A-landskamp for året. Takka vere Jarsteins tigersprang heldt vi lenge unna denne kjølige tysdagskvelden i Trnava, tre kvarter utanfor hovudstaden Bratislava.

Hamsik viste sine intensjonar etter 55 minutt, men skaut over frå 12 meter. Endå nærmare var Napoli-spelaren å gi slovakane leiinga etter ein knapp time, men Jarstein fekk på meisterleg vis slått eit godt skot til corner.

Deretter valde Slovakia å kvile Hamsik. Inn kom Jarsteins lagkamerat i Hertha, Ondrej Duda. Han kom til to gode avslutningar, men klarte ikkje å overliste bundesligakameraten sin. I staden tok Duda kelnerrolla og serverte då Noreg gjekk på endå eit tap i Aust-Europa.

Med tapet enda Noreg landslagsåret i minus. Tre sigrar, to uavgjort og fire tap er fasit i Lagerbäcks første trenar-år for dei norske fotballherrane. Noreg avslutta med to bortekampar mot Makedonia og Slovakia, men var aldri nær å vinne nokon av kampane i Aust-Europa.

(©NPK)

Siste nyhende

Noreg herja med Sør-Korea, Løke-retur med eit smell

Heidi Løke og handballjentene starta VM-oppkøyringa med å rundjule Sør-Korea med 39–28 torsdag.

Utfortreninga avlyst torsdag òg

Den planlagde gjennomkøyringa av utforløypa i Lake Louise torsdag måtte avlysast. Arrangøren vil spare på traseen til helga.

FIS lèt dei russiske langrennsløparane gå i Ruka

Dei seks russiske langrennsløparane som IOC har stengt ute på livstid, får gå verdscupopninga i Ruka i helga.

Skal undersøkje demens-fare hos fotballspelarar

Ein ny studie skal finne ut om det er ein samanheng mellom headingar og demens for tidlegare fotballspelarar, opplyser det engelske fotballforbundet.

Vipers trekte Issy Paris

Vipers Kristiansand møter Club Lada (Russland), Issy Paris (Frankrike) og København (Danmark) i gruppespelet i EHF-cupen.