Dalic får ny Kroatia-kontrakt

Kroatias landslagssjef Zlatko Dalic får forlengd avtalen sin etter at Hellas blei slått i omspelet til neste års fotball-VM.
sport

Dalic erstatta Ante Cacic to dagar før den siste kampen i gruppespelet i VM-kvalifiseringa. Den enda med 2-0-siger over Ukraina på bortebane, men Kroatia enda bak Island i gruppe I.

I førre veke blei VM-billetten likevel sikra med 4-1-siger over to kampar mot Hellas. Og nå stadfestar Kroatias fotballpresident, den tidlegare stjernespissen Davor Suker, at Dalic får ny kontrakt.

– Han har absolutt innfridd vår tillit til han og stadfesta at han var riktig val, seier Suker.

Kroatias fotballforbund opplyser vidare at styret vil godkjenne Dalics kontrakt i neste veke.

(©NPK)