Noreg klatrar vidare på Fifa-rankinga

Det norske herrelandslaget i fotball klatrar til 73.-plass på den oppdaterte FIFA-rankinga torsdag. Tyskland er tilbake på toppen.
sport

Etter å ha vunne over Aserbajdsjan (2–0) og blitt rundspelt av Tyskland (0–6) i VM-kvalifiseringa nyleg gjer Noreg eit byks på 12 plassar sidan augustrankinga. Då var 85.-plass norsk status.

Dermed bevegar mannskapet til Lars Lagerbäck seg oppover på lista for andre månad på rad etter 88.-plassen i juli. Det var dessutan Noregs svakaste plassering nokosinne.

Tyskland, som i starten av september fillerista Noreg i Stuttgart, tar tilbake førsteplassen. Brasil og Portugal ligg som nummer to og tre.

Inne på topp ti er også Argentina, Belgia, Polen, Sveits, Frankrike, Chile og Columbia.

Åge Hareides Danmark gjer eit byks på heile 20 plassar og legg seg på 26.-plass, mens Sverige fell frå 19.- til 23.-plass. Lars Lagerbäcks gamle venner på Island fell to plassar til 22.-plass.

I Noregs VM-kvalgruppe ser rankinga no slik ut:

1) Tyskland 1606 poeng

20) Nord-Irland 945

58) Tsjekkia 630

73) Noreg 472

92) Aserbajdsjan 388

204) San Marino 10

(©NPK)