Carlsens overmann slått ut

Bu Xiangzhi, som slo Magnus Carlsen ut av verdscupen i sjakk, møtte sjølv sin overmann torsdag. Peter Svidler sikra kvartfinaleplass etter eit skiljeparti.

Begge dei ordinære langsjakkpartia mellom dei to enda med remis, men torsdag slo russaren Svidler den kinesiske motstandaren i to strake hurtigsjakkparti. Dermed sikra han avansement.

I kvartfinalen møter han Maxime Vachier-Lagrave eller Alexander Gristsjuk. Dei to har førebels spelt remis fire gonger på rad.

(©NPK)

Siste nyhende

Kristiansen skuffa over resultatet

Dei norske U23-syklistane var med å prege VM på heimebane. Dei var ute etter gullet, men enda opp med granbar med Anders Skaarseth som beste på 10.-plass

Cosnefroy ordna fransk siger i U23-fellesstarten

Benoît Cosnefroy frå Frankrike blei U23-verdsmeister i fellesstart under sykkel-VM i Bergen. Han slo tyske Lennard Kämna i spurten.

Skadd Neymar mistar kamp

Neymar trøblar med den høgre foten sin og spelar ikkje Paris Saint-Germains seriekamp mot Montpellier i den franske serien laurdag.

Kristoff reknar med deltaking i nytt norsk ritt

Alexander Kristoff forventar å delta på heimebane under det nye sykkelrittet Hammer Series i Stavanger og Sandnes, som blir sykla i slutten av mai 2018.