Fotball: 12-åring avgjorde for Tyskland

12-årige Youssoufa Moukoko scora begge måla då G16-landslaget til Tyskland i fotball slo Austerrike 2–1 onsdag.

Moukoko debuterte mot same motstandaren måndag. To dagar seinare avgjorde han kampen på eiga hand, sjølv om han er to år yngre enn dei yngste av lagkameratane sine.

Supertalentet har skapt oppsikt ved å scora 13 mål på fem kampar for Borussia Dortmunds G17-lag, og bravadane i Austerrike onsdag vil auka merksemda ytterlegare.

Storavisa Bild am Sonntag stilte seg i helga tvilande til om Moukoko er berre 12 år. Han blei avbilda med den 18-år gamle kjærasten sin, og avisa sådde tvil om fødselsåret hans.

Den 66-år gamle far hans og 28-år gamle mora, som bur i Hamburg, forsikrar at han blei fødd i Kamerun i november 2004.

– Rett etter fødselen fekk eg han registrert ved Tysklands ambassade i Yaoundé, og han har tysk fødselsattest, seier faren.

Både Tysklands fotballforbund og Borussia Dortmund insisterer også på at papira til Moukoko er i orden.

– Vi har hatt fleire intense samtalar med dei ansvarlege i Borussia Dortmund, og vi stolar på overtydinga deira om at dokumenta viser den verkelege alderen til spelarane, heiter det i ein uttale frå forbundet.

(©NPK)

Siste nyhende

Kristiansen skuffa over resultatet

Dei norske U23-syklistane var med å prege VM på heimebane. Dei var ute etter gullet, men enda opp med granbar med Anders Skaarseth som beste på 10.-plass

Cosnefroy ordna fransk siger i U23-fellesstarten

Benoît Cosnefroy frå Frankrike blei U23-verdsmeister i fellesstart under sykkel-VM i Bergen. Han slo tyske Lennard Kämna i spurten.

Skadd Neymar mistar kamp

Neymar trøblar med den høgre foten sin og spelar ikkje Paris Saint-Germains seriekamp mot Montpellier i den franske serien laurdag.

Kristoff reknar med deltaking i nytt norsk ritt

Alexander Kristoff forventar å delta på heimebane under det nye sykkelrittet Hammer Series i Stavanger og Sandnes, som blir sykla i slutten av mai 2018.