Zlatan på veg tilbake til United

Manchester United er i forsiktige samtalar med Zlatan Ibrahimovic om å kunne hente han tilbake til klubben.

Det stadfesta manager José Mourinho på ein pressekonferanse fredag.

Svensken hadde ein svært god sesong før han skadde det eine kneet alvorleg i ein europaligakamp. Ibrahimovic er truleg ikkje tilbake i fotballspel før godt over nyttår.

– Det er for tidleg å snakke om ein avtale, men eg føler at Zlatan har meir å gi, sa Mourinho.

(©NPK)

Siste nyhende

Islands fotballkvinner med sensasjon borte mot Tyskland

Det er ikkje berre mennene som kan skape fotballsensasjonar på Island. Fredag tok kvinnene ein svært sterk 3–2-siger borte mot Tyskland.

Norsk fjerdeplass i bane-EM

Anita Yvonne Stenberg var nær ein bronsemedalje i bane-EM i sykling i Berlin fredag.

Rekordhøg omsetning i toppfotballen

Tala for første halvår av 2017 viser omsetningsauke i toppfotballøkonomien. Både samla driftsinntekter og -utgifter er rekordhøge.

Betydeleg tilskodarvekst i eliteserien handball

Fleire heimvende profilar blir nemnt som ei viktig årsak til at eliteserien i handball både for menn og kvinner har hatt solid tilskodarvekst i haust.

Blatter: – Eg skal til VM!

Den utestengde og vanæra tidlegare Fifa-presidenten Sepp Blatter seier at han skal til fotball-VM i Russland. Han er personleg invitert av Vladimir Putin.