Kristoff vann Arctic-etappen til Bardufoss

Den ferske EM-meisteren Alexander Kristoff innfridde favorittstempelet med spurtsiger på den andre etappen av sykkelrittet Arctic Race til Bardufoss fredag.

Katusha-ryttaren var storfavoritt før den flate andreetappen, og vann sikkert i massespurten på flyplassområdet i Bardufoss.

– Det var som (Petter) Northug ville sagt. Det var eit barnesykkelløp. På slutten var det enkelt. Michael (Mørkøv) og Reto (Hollenstein) gjorde ein kjempeinnsats på sisterunden for å tette luka, og når ein har så gode lagkameratar blir det enkelt, sa Kristoff til TV 2.

– Det er herleg å få ein siger i Arctic. Det er det eg kom hit for. No kan eg senke skuldrene, held han fram.

Det var den femte etappesigeren til Kristoff i rittet gjennom karrieren. 30-åringen har vunne fem av åtte norske etappesigrar i det norske rittet.

Hugo Hofstetter og Andrea Pasqualon var nærmast Kristoff i spurten. Kristoffer Halvosen blei nest beste norske med ein sjetteplass.

Dylan Teuns leiar samanlagt etter å ha vunne opningsetappen torsdag. Pasqualon er to sekund bak, mens Kristoffer nummer tre, tre sekund bak leiaren.

(©NPK)

Siste nyhende

Islands fotballkvinner med sensasjon borte mot Tyskland

Det er ikkje berre mennene som kan skape fotballsensasjonar på Island. Fredag tok kvinnene ein svært sterk 3–2-siger borte mot Tyskland.

Norsk fjerdeplass i bane-EM

Anita Yvonne Stenberg var nær ein bronsemedalje i bane-EM i sykling i Berlin fredag.

Rekordhøg omsetning i toppfotballen

Tala for første halvår av 2017 viser omsetningsauke i toppfotballøkonomien. Både samla driftsinntekter og -utgifter er rekordhøge.

Betydeleg tilskodarvekst i eliteserien handball

Fleire heimvende profilar blir nemnt som ei viktig årsak til at eliteserien i handball både for menn og kvinner har hatt solid tilskodarvekst i haust.

Blatter: – Eg skal til VM!

Den utestengde og vanæra tidlegare Fifa-presidenten Sepp Blatter seier at han skal til fotball-VM i Russland. Han er personleg invitert av Vladimir Putin.