Sjögren skjerma stjernene

Ada Hegerberg og Caroline Graham Hansen hadde mediefri måndag. Landslagsleiinga ville gje dei ekstra kvile i oppkøyringa til skjebnekampen mot Belgia.

– De pratar ganske mykje med dei og vil snakke med dei stort sett kvar dag. Nå bestemte vi at dei skal få kvile ein dag, sa landslagssjef Martin Sjögren til NTB.

Som vanleg ynskte dei fleste media som dekkjer Norges EM-lag å snakke med dei to største stjernene dagen etter den skuffande opningskampen mot Nederland, men Hegerberg og Hansen fekk sleppe.

– Vi treng å spreie presse- og mediekontakten på fleire spelarar, og då blir det ganske naturleg å ta bort dei to som alle alltid vil prate med, forklarte Sjögren.

Mediekontakten for landslaget, Jan Ove Nystuen, understreka at det ikkje var spelarane som hadde bede om mediefri, men at det var landslagsleiinga si avgjerd.

Det er ikkje første gong under EM-samlinga at Hegerberg og Hansen er skjerma. Også på den siste treningsdagen på precampen i Oslo hadde duoen mediefri.

Alle saman

Sjögren samla alle dei 23 spelarane i troppen på treningsfeltet i Wenum-Wiesel rett utanfor Apeldoorn måndag, i staden for å la dei som spelte søndag nøye seg med tur i treningsstudio. Slik har Norges restitusjonstreningar i meisterskap bruka å vere.

– Vi gjer dette saman. Vi vinn saman og taper saman. Det er veldig viktig å verne om fellesskapet i gruppa og ikkje splitte opp gruppa, sa han til NTB.

Elise Thorsnes, Ingvild Isaksen, Maria Thorisdottir og Ingrid Schjelderup gjorde unna første del av økta i treningsstudio, men alle dei 19 andre varma opp saman på feltet. Dei fire siste slutta seg til dei andre tre kvarter ut i økta og var tilskodarar til den siste timen.

Humør

Av dei 13 som var på banen mot Nederland var berre Emilie Haavi og Guro Reiten med i spelsekvensane, men humøret var tilbake etter at det var mange lange ansikt søndag kveld.

–Vi prata om det etter kampen, at vi hadde lov til å vere skuffa og skulle vere det, men at vi skulle legge det bort og vere positive når vi vakna igjen. Det var fint å komme ut hit i sola og samle energi med lette øvingar, smil og latter, sa Sjögren.

–Då blir det lettare å vende motgangen til medgang.

(©NPK)

Siste nyhende

Kristoff hyllar Boasson Hagen

Alexander Kristoff gler seg stort over triumfen til Edvald Boasson Hagen på den 19. etappen av Tour de France.

Boasson Hagen gjorde slutt på sigerstørken i Tour de France

Ingen kunne gjere noko med Edvald Boasson Hagen på den 19. etappen av Tour de France. Rudsbygdingen sikra den første norske etappetriumfen sidan 2014.

Marcus Thomsen tok gull i U20-EM i friidrett

Norske Marcus Thomsen tok det første EM-gullet for Noreg under U20-meisterskapen i italienske Grosseto då han vann kulefinalen fredag.

Griffiths utestengd mot RBK

Celtic-profilen Leigh Griffiths må stå over første kampen mot Rosenborg i meisterligakvalifiseringa. Skotten er straffa for å knyta eit skjerf rundt ein stolpe.

247.000 sjåarar såg EM-tapet

EM-jentene er i trøbbel etter 0-2-tapet mot Belgia, men fengjer TV-sjåarar.