Edvartsen: – Eg legg meg flat og skal endre meg

Svein-Erik Edvartsen er motivert for å komme tilbake som toppdommar neste sesong og vil endre kommunikasjonsform for å vinne tilbake tilliten i dommarmiljøet.

– Eg har ein stor jobb å gjere med å endre kommunikasjonsforma mi slik at ho blir meir etande for alle. Klarheit og ærlegheit må ein tole i ei stor prestasjonsgruppe, men det treng ikkje vere uhøviske eller stygge meldingar som gjer at folk føler seg mobba og trakasserte, sa Edvartsen i eit intervju med TV 2 tysdag.

Han la seg «paddeflat» og beklaga tekstmeldingane som han har sendt til dommarkollegaer, og seier han tar sin store del av ansvaret for den store konflikten som har blussa opp i 2017.

– Det starta med ein fagleg diskusjon, som eg kunne handtert på ein anna måte. Og så eskalerte det dessverre, seier dommaren, som ikkje skal dømme i toppdivisjonane denne sesongen.

Lært mykje

Edvartsen seier han har tatt stor lærdom av det som har skjedd.

– Eg krev veldig mykje av meg sjølv, og eg krev mykje av dei rundt meg. Eg er ingen A4-person. Eg tar stor plass, og eg har ein direkte, ærleg, og kanskje overtydeleg kommunikasjonsform. Eg har aldri meint å trakassere eller mobbe nokon. Eg skal sjølvsagt endre kommunikasjonsform, sa Edvartsen, som var tydeleg på at han tok sin del av ansvaret for det som har skjedd i 2017.

I eit 25 minutt langt intervju med Davy Wathne i TV 2 sa Edvartsen gong på gong at han legg seg flat. Han sa òg at han har stor respekt for dommarsjef Terje Hauge, at han er villig til å skvære opp med han, og at det aldri har vore hans intensjon å bli kvitt Hauge.

Motivasjon

Han avslo å kommentere detaljane i avtalen som vart inngått da toppdommarkontrakten hans for i år vart avslutta. Edvartsen viste til at avtalen er konfidensiell.

– Eg skal gjere mitt for å byggje opp igjen tilliten i dommarmiljøet. Det er ein stor motivasjonsfaktor for meg at det er opna opp for at eg kan komme tilbake i 2018. Og eg skal gjere alt eg kan for å få til det, både i forhold til dommarkollegaer, dommarsjef og dommarkomiteen, sa Edvartsen i intervjuet.

Han sa òg at han kjem til å dømme fotball i 2017 på lågare nivå, men kunne enno ikkje seie på kva nivå.

(©NPK)

Siste nyhende

Berre negative dopingprøver under kontinentcupen

Alle av dei nær 1000 dopingprøvene som blei innhenta under kontinentcupen i fotball kom tilbake som negative.

12 utøvarar klare for friidretts-VM

Den norske troppen til VM i friidrett i London inneheld i augneblinken 12 namn. Den kan bli utvida.

Tilpassar NM-programmet for Ingebrigtsen og Warholm

Tre av øvingane under NM i friidrett blir flytta slik at profilane Filip Ingebrigtsen og Karsten Warholm skal få høve til å delta.

Tennis: Ruud ned to plassar på rankinga

Casper Ruud fell til 111.-plass på den ferske verdsrankinga i tennis.

Phelps tapte haiduell

Amerikanske Michael Phelps er den mestvinnande svømmar, men han er ikkje kongen av havet.