Dumoulin knuste konkurrentane på tempoetappen

Nederlendaren Tom Dumoulin var ustoppeleg på den 39,8 kilometer lange tempoetappen i Giro d'Italia tysdag. Han vann med 49 sekund og tok over leiinga i rittet.

Nairo Quintana vann klatreetappen søndag og kunne kle seg i den rosa leiartrøya, men colombianaren hadde ingen god dag på temposykkelen. Han tapte så mykje som 2.53 minutt til Sunweb-ryttaren. Andremannen i samandraget, franskmannen Thibaut Pinot, tapte òg mykje.

Geraint Thomas frå Storbritannia starta tidleg på etappen og enda opp som andremann. Han vart slått med 49 sekund, mens nederlendaren Bob Jungels tok tredjeplassen 56 sekund bak.

Sindre Skjøstad Lunke er hjelperyttar på Sunweb-laget og skal vere med og forsvare den rosa leiartrøya i dagane framover.

Også den siste etappen i Giro d'Italia er i år ein tempoetappe. Det er ein tre mil lang flat etappe inne i Milano.

I samandraget leier Domoulin med 2.23 minutt føre Quintana, mens nederlendaren Bauke Mollema er nummer tre, 2.38 bak.

(©NPK)

Siste nyhende

Iran held på kvinneforbod på fotballarenaer

Irans fotballforbund lukkar øyra for kritikken og fortset å nekte kvinner tilgjenge til fotballkampar i landet.

Windingstad imponerer i Sør-Amerika

Alpinisten Rasmus Windingstad viser fine takter i sesongoppkøyringa. Natt til tysdag vann han sitt andre strake FIS-renn i Chile.

Petter Solberg må opererast etter kragebeinsbrotet

Petter Solberg braut kragebeinet tvert av i VM-runden i rallycross søndag. Førtitoåringen må opererast etter skadane han fekk i Latvia, får NTB opplyst.

Dobbelt italiensk på kvinnetempoen for juniorar

Elena Pirrone tok sigeren på kvinnetempoen for juniorar under sykkel-VM i Bergen. Sølvet gjekk også til ein italienar.

Rooney tilstod promillekøyring, fråteken lappen i to år

Fotballstjerna Wayne Rooney må greie seg utan førarkort i to år. Det vart dommen etter at han måndag erklærte seg skuldig i fyllekøyring.