Manchester United møter Celta i semifinalen

Manchester United trekte spanske Celta i semifinalen i Europaligaen. I den andre semifinalen møtest Ajax og Lyon.

Manchester United startar borte.

Semifinalane blir spelte 4. og 11. mai. Finalen går på Friends Arena i Solna utanfor Stockholm 24. mai.

Det er framleis uklart kor alvorleg skaden til Zlatan Ibrahimovic er. Spissveteranen vart skadd då Manchester United slo ut Anderlecht etter ekstraomgangar torsdag, og det blir frykta at han har fått ein korsbandskade. I så fall er det ingen sjanse for at han spelar finale heime i Sverige i mai.

Heile 8 av dei 13 siste vinnarane i turneringa har komme frå Spania. Sevilla har vunne Europaligaen dei tre siste åra.

(©NPK)

Siste nyhende

Over 800.000 såg Kristoffs sølvspurt

805.000 TV-sjåarar sat klistra til TV-skjermen då Alexander Kristoff spurta inn til VM-sølv på fellesstarten i Bergen søndag.

WADA åtvarar Russland

Russland får no klar beskjed av Verdsantidopingbyrået (WADA) om å «offentleg akseptere» konklusjonane i dei mykje omtalte McLaren-rapportane.

Sykkelpresidenten: – Smertefritt VM

Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen er einig med dei som hevdar at sykkel-VM ikkje kunne blitt arrangert særleg mykje betre.

NHL-meistrane vil framleis besøkje Trump

Stanley Cup-meistrane i ishockey førre sesong, Pittsburgh Penguins, vil ikkje endre på planane om å besøkje USAs president Donald Trump.