Handballjentene møter Kroatia, Ukraina og Sveits i EM-kvalifiseringa

Noregs kvinnelandslag i handball møter Kroatia, Ukraina og Sveits i kvalifiseringa til EM-sluttspelet i Frankrike neste år.

Det vart utfallet av trekkinga i Paris fredag. Dei to beste i kvar gruppe tar seg til sluttspel saman med den beste av dei sju trearane.

Noreg er tittelforsvarar i EM, men vertslandet Frankrike er åleine om å vere direkte kvalifisert til sluttspelet. Noreg spelar dei to første kvalifiseringskampane i haust, dei fire siste neste år.

Silje Solberg deltok under trekkinga fredag og trekte laga frå nivå 2.

Slik vart gruppene:

Gruppe 1: Noreg, Kroatia, Ukraina, Sveits.

Gruppe 2: Montenegro, Polen, Slovakia, Italia.

Gruppe 3: Sverige, Serbia, Makedonia, vinnar prekval. 1 (Finland, Færøyane, Hellas).

Gruppe 4: Romania, Russland, Austerrike, Portugal.

Gruppe 5: Danmark, Tsjekkia, Slovenia, Island.

Gruppe 6: Spania, Tyskland, Tyrkia, Litauen.

Gruppe 7: Nederland, Ungarn, Kviterussland, vinnar prekval. 2 (Israel, Kosovo, Georgia).

Det blir spela to kampar i kvar av tre periodar: 27/9 til 1/10 i år, 21/3 til 25/3 og 30/5 til 3/6 neste år. Dei to beste i kvar gruppe og beste trear slår følgje med vertslandet Frankrike til sluttspelet, som blir avvikla i tida 30. november til 16. desember 2018.

(©NPK)

Siste nyhende

Felline vann prologen i Romandie rundt

Italienske Fabio Felline var raskast på prologen i etapperittet Tour de Romandie tysdag.

Fifa: Journalistar kan jobbe fritt under prøve-VM

Journalistar som skal dekke prøve-VM i Russland i sommar kan jobbe utan restriksjonar på kamparenaene, ifølgje Det internasjonale fotballforbundet (Fifa).

Uvisse rundt Bale-skade

Real Madrid-trenar Zinédine Zidane hevdar han er optimistisk med tanke på at Gareth Bale rekk å spele fleire kampar denne sesongen.

Svenske talent får sjansen på langrennslandslaget

Ebba Andersson (19) og Anna Dyvik (22) er nye namn i det svenske langrennslandslaget neste sesong.

VM-trekking: Nytt Nederland-møte for Noreg

Nederland blir Noregs tøffaste motstandar i kvalifiseringa til VM-sluttspelet i fotball for kvinner sommaren 2019.