Rocka musikkstemne på Nordfjordeid har blitt ein tradisjon i slutten av juni gjennom fire år no.

Annakvart år har rundt 800 unge musikarar og vaksne samlast til ei korpsmusikkhelg med eit litt meir rocka preg.

Musikkstemnet blei arrangert første gang i 2011. Så i 2012, 2014 og 2016.

I år skulle det vere tid for det femte arrangementet, men det blir ikkje noko av.

Arrangørleiinga skal ha møte å diskutere vegen vidare, og om det blir stemne eventuelt neste år.

Det er alle musikkorpsa i Eid som har stått bak rocka musikkstemne på Nordfjordeid.