Muslimsk friskule får avslag igjen

Stiftinga Den muslimske grunnskole har fått avslag på ein søknad om å starte friskule i Oslo, melder Kommunal Rapport.
innenriks

Det er andre gong skulen får avslag.

Utdanningsdirektoratet (Udir) meiner ein slik skule vil få negative konsekvensar for integreringa av elevar frå muslimske minoritetsmiljø. Ifølgje avisa meiner dessutan direktoratet at skulen ikkje oppfyller minstekrava i friskulelova.

Stiftinga har klaga på avslaget. Udir vil behandle denne i løpet av april, og dersom avslaget blir halde oppe, kan stiftinga klage til Kunnskapsdepartementet, skriv Kommunal Rapport.

(©NPK)