Høgsterett: Straffbart å seie «jævla neger» i krangel

Høgsterett har forkasta anken frå ein tjuefireåring som er dømd for å ha kalla ein annan mann «jævla neger» ei laurdagsnatt på torget i Halden. 
innenriks

Bakgrunnen for saka var ein krangel litt før klokka 2.30 natt til 15. august 2015.

Tjuefireåringen dytta da til ein annan mann, som har somalisk bakgrunn, og denne mannen svarte da med å kaste ein bakt potet i hovudet på tjuefireåringen. Tjuefireåringen har vedgått at han deretter kalla den andre for «jævla neger». Ein politibetjent som var til stades, har òg forklart at desse orda vart sagt fleire gonger.

Høgsterett skulle ta stilling til om ytringane blir ramma av forbodet mot diskriminerande eller hatefulle ytringar i straffelova, og har komme fram til at dei gjer det.

Da Halden tingrett behandla saka i 2016, vart mannen dømd til fengsel i eitt år og seks månader som ei fellesstraff med to tidlegare dommar.

Tjuefireåringen anka til lagmannsretten, som endra straffeutmålinga slik at ti månader av fengselsstraffa vart på vilkår med ei prøvetid på to år.

Han anka vidare til Høgsterett, som no har forkasta anken.

Påtalemakta meiner ytringane var meint som sjikane utan noko anna føremål enn å nedverdige den fornærma ut frå hudfargen hans. Høgsterett meiner ein mørkhuda innvandrar bør vere strafferettsleg verna mot det, også i ein situasjon der han er ute på byen. Retten poengterer likevel at denne hendinga ligg i det nedre sjiktet for kva som er straffbart.

Tjuefireåringen meiner han brukte utsegna på same måten som andre skjellsord under ein krangel, og at det ikkje skulle oppfattast som nedsetjande ut frå hudfarge. Det var Høgsterett ikkje einig i.

(©NPK)