Espen Teigen fortset som Frp-rådgjevar

Espen Teigen, tidlegare rådgjevar for tidlegare justisminister Sylvi Listhaug, fortset i Frp, ifølgje Adresseavisen.
innenriks

Avisa skriv at Teigen får ei stilling som kommunikasjonsrådgjevar for stortingsgruppa til partiet.

– Eg kjem til å jobbe som kommunikasjonsrådgjevar, og eg kjem til å jobbe mykje med Sylvi framover, seier Teigen til Adresseavisen.

Teigen la ut Facebook-innlegget som førte til at eit stortingsfleirtal kravde Listhaugs avgang frå justisministervervet. Listhaug forlét stillinga si 20. mars og er no ein del av Stortingets helse- og omsorgskomité.

(©NPK)