Vessela Kristensen tok imot kong Olav Vs kreftforskningspris

Forskaren Vessela Kristensen tok imot kong Olav Vs kreftforskningspris for 2018 for sitt arbeid for behandling og diagnostisering av brystkreft.
innenriks

Kristensen, som til dagleg arbeider ved Universitetet i Oslo (UiO), tok imot prisen frå kong Harald måndag. Prisen er på 1 million kroner.

– Dette var stort og overveldande! Ein varm takk til Kreftforeningen og til dei mange forskarane som har samarbeidet med meg og gjort prosjekta mine moglege å gjennomføre, skreiv prisvinnaren i ei fråsegn i mars.

– Vessela Kristensen har i ei årrekke forska på genetikk og brystkreft gjennom utvikling av avanserte modellar for analysar av store mengder data, heiter det i pressemeldinga frå kongehuset om bakgrunnen for utdelinga.

Der blir det slått fast at Kristensen gjennom sitt virke har bidratt til å finne betre og meir effektive måtar å diagnostisere og behandle brystkreft på.

– Kristensens forsking er innovativ og nyt stor respekt i fagmiljøa, både nasjonalt og internasjonalt, skriv Slottet. Kreftforeininga står for utdelinga av prisen, som går til forskarar som har utmerkt seg gjennom fleire år.

– Vinnaren i år har hatt svært god kvalitet på forskinga si og derfor òg fått forskingsmidlar frå Kreftforeininga tidlegare. Vi deler ut denne prisen for å stimulere til vidare forsking, seier generalsekretær Anne Lise Ryel i Kreftforeningen.

(©NPK)