Lange køar før generalforsamling i Mentor Medier

Pågangen var stor før generalforsamlinga i Mentor Medier måndag. Snart blir det klart om styreleiar Thomas Brunegård har tillit hos aksjonærane eller ikkje. 
innenriks

Så stor var interessa blant aksjonærane i selskapet, som mellom anna eig avisa Vårt Land, at møtestarten måtte utsetjast med om lag ein halv time måndag. Møterommet i Håndverkeren i Oslo er fylt til randa.

Bakgrunnen for den ekstraordinære generalforsamlinga er striden mellom mediekonsernet og den oppsagde publisheren i Vårt Land, Åshild Mathisen. Ei gruppe aksjonærar har uttrykt mistillit til styreleiar Thomas Brunegård.

Konflikt

Bak mistillitserklæringa står den same eigargruppa som i mars sende kravet om ekstraordinær generalforsamling til konsernstyret, kort tid etter at den langvarige konflikten mellom konsernsjef Per Magne Tveiten og Vårt Land-redaktør Åshild Mathisen vart kjent.

Aksjonærane det er snakk om, er Stiftelsen Vårt Land Bladmisjon (eigardel på 5,58 prosent), Opplysningsvesenets fond (3,62 prosent), redaksjonsklubben i Vårt Land (2,2 prosent), Normisjon (1,99 prosent) og Diakonhjemmet (1,54 prosent).

– Vi opplever at visse aktørar har prøvd å gi inntrykk av at denne saka berre dreier seg om Vårt Land. Men dette handlar om fleire problemkompleks, deriblant styrebehandlinga av varselet om påstått trakassering av redaktør Åshild Mathisen og at ein er usikker på retninga som det noverande styret fører konsernet i, sa styreleiar Silje Kvamme Bjørndal i Stiftelsen Vårt Land Bladmisjon til Dagens Næringsliv tidlegare denne månaden.

– Krisemaksimering

Tidlegare konsernsjef Helge Simonnes meiner Mentor Medier kan bryte saman om det blir stilt mistillit til styreleiaren. Krisemaksimering, meiner styremedlem.

– Det å seie at konsernets eksistens er i spel i den aktuelle situasjonen, blir skremselspropaganda. Det kan lesast som eit innlegg frå nokon som har interesse av å setje situasjonen enda meir på spissen enn det er grunnlag for. Eller at ein vil få motstemmer til å teie, seier styremedlem Jens Barland til Vårt Land.

Barland viser til eit innlegg frå Simonnes, tidlegare sjefredaktør i avisa og tidlegare konsernsjef i Mentor Medier, publisert i Dagens Næringsliv. Han meiner Simonnes krisemaksimerer når han skriv at «faren er stor for at hele konsernet bryter sammen».

– På ei generalforsamling kan det berre stemmast over forslag som er laga på førehand. Ingen av dei store aksjonærane har meldt noko sånt som Simonnes skisserer. Det blir berre spekulasjonar, meiner Barland.


(©NPK)