Flåmsbana opna for trafikk

Flåmsbana er igjen opna for trafikk etter at steinrasa som gjekk mellom Myrdal og Berekvam i Sogn og Fjordane, er rydda. 
innenriks

Fleire hundre kilo tunge stein raste ned i toglinjene, noko som stoppa trafikken i fleire timar måndag. NSB opplyste at dei organiserte busstransport på den innstilte strekninga.

Mannskap har rydda linja, og etter statusrapport frå geologar, varslar Bane Nor at strekninga er opna for trafikk.

(©NPK)