Vedtak om solide kutt i klimagassutsleppa frå skipsfarten

FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) har vedtatt at klimagassutsleppa frå skipsfarten skal kuttast drastisk.
innenriks

Utsleppa skal reduserast med 50 prosent innan 2050 frå nivået i 2008. Samtidig er målet at skipsfarten skal bli heilt karbonfri så fort som råd i dette hundreåret.

– Dette er Parisavtalen for skipsfarten, og det er eit stort gjennombrot at strategien inneheld ein visjon om nullutslepp. Det er òg viktig at strategien inneheld både konkrete utsleppsmål og ein plan for korleis dei skal oppfyllast, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Noreg var blant landa som tok initiativet til ein slik strategi i 2016. Sjølve forhandlingane har vore leidd av fagdirektør Sveinung Oftedal i Klima- og miljødepartementet. Ambisjonsnivået har sprika mykje mellom dei ulike landa, men etter eitt år med omfattande forhandlingar er strategien no vedtatt.

– Noreg har jobba hardt for å hale i land denne avtalen. No startar jobben for alvor på kvart enkelt skip med å kutte utsleppa. Her håper eg at norsk skipsfart skal vise veg og vise verda at det er fullt mogleg å drive miljøvennleg og samtidig tene pengar, seier Elvestuen.

Norges Rederiforbund har arbeidet aktivt for IMO-avtalen. I 2016 vedtok forbundet ein CO2-posisjon i tråd med Parisavtalen.

– Eit felles rammeverk for utsleppsreduksjon betyr at vi gjer det utan negativ konkurransevriding. Dette er ein milepæl for skipsfarten og vil sende eit tydeleg signal til marknaden om at næringa i åra som kjem vil ha drivstoff og løysingar med eit så lågt karbonavtrykk som mogleg, seier administrerande direktør Harald Solberg i Rederiforbundet.

(©NPK)