Norsk transportselskap får eigarar frå Hongkong

Det norske transportselskapet Boreal blir selt til ein investor i Hongkong. 
innenriks

Everbright Overseas Infrastructure Investment Fund (EOIFF), det Hongkong-baserte fondet som kjøper det norske transportselskapet, har ein storleik på inntil 1 milliard dollar. Det kjem ikkje fram kor mykje dei har kjøpt Boreal for.

Kjøpet skal etter planane gjennomførast i april eller mai 2018.

– Det er positivt for Boreal å få ein ny langsiktig eigar med finansiell styrke, dette er viktig for ambisjonen til konsernet om vidare vekst innan infrastruktur. Vi vil samtidig streka under at dei nye eigarane vil stå for kontinuitet med søkjelys på kjerneverdiane våre – tryggleik, kvalitet og miljø, seier konsernleiar Kjetil Førsvoll i Boreal.

Gjennom fleire dotterselskap driv Boreal Norge buss, båt og bane i heile landet og har dessutan 15 eigedomsselskap.

Selskapet har mellom anna lokalbussruter i Rogaland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark, flybuss-ruter i Stavanger, Sandnes, Narvik, Evenes, Harstad, Finnsnes og Kirkenes, fleire andre ekspressbussar og ferjeruter i Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark.

Selskapet har 2.300 tilsette og ein omsetnad på 2,7 milliardar kroner.

(©NPK)