NRK-styret har vedtatt at hovudkontoret skal flyttast

Styret i NRK vedtok tysdag at rikskringkastaren skal flytte frå hovudkontoret på Marienlyst. Planen er at det nye kontoret også skal liggje i Oslo-området.
innenriks

NRK meiner hovudkontoret på Marienlyst ikkje lenger er eigna for medieverksemd, og har dei siste par åra jobba med å greie ut om det er økonomisk mogleg å etablere eit nytt hovudkontor.

Ein sentral del av dette har vore å vurdere kor store verdiar som kan hentast ut ved eit eventuelt sal av eigedommen på Marienlyst. Kanalen har blant anna engasjert fem arkitekt-team som i fjor haust la fram moglegheitsstudiane sine for kva Marienlyst kan bli utan NRK.

I ein pressemelding tysdag opplyser NRK at studien viste «spennande moglegheiter for by- og bustadutvikling», og styret legg dermed til grunn at dei potensielle verdiane på Marienlyst indikerer at NRK kan bere kostnadene ved eit nytt hovudkontor.

Styrevedtaket tysdag inneber at NRK no går frå å greie ut mogleg flytting frå Marienlyst, til å «jobbe vidare med klar ambisjon om nytt hovudkontor». Vedtaket seier derimot ingenting om kor NRK skal flytte eller når det skal skje.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen understrekar at flytteprosessen framleis kan stoppast på kort varsel.

– Vi er blant anna avhengige av ei omregulering av Marienlyst-området for at det skal kunne bli bustadar her. Det er også stort sannsyn for at området vi skal flytte til må regulerast. Dermed er det framleis nokre år til vi kan byrje å pakke, konstaterer han.

(©NPK)