Lakseselskap meldt til politiet for å ha eksportert sjuk fisk til Kina

Mattilsynet mistenkjer eksportfirma og lakseslakteri for å ha eksportert laks med fiskesjukdomen PD til Kina. To tilsette i Ocean Quality AS er suspenderte.
innenriks

31. januar 2018 tok Ocean Quality AS imot eit vedtak frå Mattilsynet om stans i all eksport av norsk laks frå selskapet til Kina, fordi Mattilsynet har fått uriktig dokumentasjon frå selskapet med omsyn til eksport av forsendingar med laks til Kina. Dette blei avdekt etter eit tilsyn hos Bremnes Seashore AS 25. og 26. januar.

Ocean Quality er salsselskapet til Grieg Seafood og Bremnes Seashore.

– Etter det Ocean Quality kjenner til, har enkeltpersonar i selskapet, i strid med retningslinjene våre, bevisst brukt opp att tidlegare eigenerklæringar. Dermed har Mattilsynet ferda ut eksportattestar på feil grunnlag. Vi har dermed eksportert laks til Kina som ikkje var godkjent for Kina, seier Øyvind Fossøy, styreleiar i Ocean Quality AS.

Dei og lakseslakteriet Bremnes Seashore er no melde til politiet for forholdet.

– På grunn av politietterforskinga kan vi ikkje uttale oss om saka. Verksemda er inntil vidare suspendert for lakseeksport til Kina, seier administrerande direktør i Mattilsynet, Harald Gjein.

Han understrekar også at Mattilsynet no vil føre strengare kontroll av eksport av fersk laks.

Kina og Noreg underteikna i fjor ein lakseprotokoll der partane blei samde om at det berre kan eksporterast laks frå oppdrettsanlegg utan mistanke eller påvising av fiskesjukdomane ILA eller PD. Kravet gjeld på oppdrettsanleggsnivå og ikkje på sone- eller fylkesnivå.