Oslo Børs avslutta veka med opptur

Etter to dagar på rad i minus avslutta Oslo Børs veka med ein hovudindeks som gjekk fram med 0,09 prosent og enda på 839,78 poeng.
innenriks

Statoil var mest omsett på ein dag der oljeprisen starta lågare enn torsdag, gjekk under 69 dollar fatet, for deretter å stige kraftig før den igjen avslutta med å falle.

Blant tungvektarane på børsen var det relativt forsiktige tal fredag. Yara gjekk opp med 0,6 prosent, følgt av Statoil som steig med 0,2 prosent og DNB som så å seie låg på staden kvil. Orkla fall mest med ein tilbakegang på 0,9 prosent, følgt av Norsk Hydro med ein minus på 0,8 prosent. Telenor fall på si side med 0,2 prosent.

Blant dei andre selskapa på hovudindeksen steig gassreiarlaget BW LPG med 7,3 prosent, følgt av Petroleum Geo-Services med 5,8 prosent. Funcom steig med 5,1 prosent.

På botnen, likevel med noko omsetning i aksjen, ligg Opera Software, som fall med 3,1 prosent. Sjømatprodusentane SalMar og Lerøy hadde også ein dårleg dag, med fall på høvesvis 3 og 2,9 prosent.

Alle dei tre leiande europeiske aksjeindeksane steig fredag. CAC 40 i Paris noterte seg for ein oppgang på 0,4 prosent, FTSE 100 i London steig med 0,3 prosent og DAX 30 i Frankfurt med 0,2 prosent.

Oljeprisen var, som allereie nemnt, noko ustabil fredagen etter å ha sett ny rekord dagen før. Ved børsslutt blei eit fat nordsjøolje omsett for 69,18 dollar, ned med 0,12 prosent. Eit fat amerikansk lettolje blei omsett for 63,60 dollar, ned med 0,34 prosent.

(©NPK)