Bedriftsforbundet krev eigen gründer- og teknologiminister

Bedriftsforbundet krev ein eigen statsråd med ansvar for gründerskap, innovasjon og teknologi i ei eventuell ny blågrøn regjering. 
innenriks

Bedriftsforbundet har klare forventningar til regjeringsforhandlingane mellom Venstre, Høgre og Framstegspartiet.

– Som interesseorganisasjonen for 4.100 av landets små- og mellomstore bedrifter, krev Bedriftsforbundet at Noreg må ha ein eigen statsråd med ansvar for gründerskap, innovasjon og teknologi, seier administrerande direktør Olaf Thommessen.

Thommessen var tidlegare nestleiar i Venstre frå 2004 til 2008.

– Vi vil at Noreg skal bli nummer éin i verda på å drive business og innovasjon. Då er det på tide å ha ein statsråd som utelukkande fokuserer på gründerskap og framtidas arbeidsplassar. Vårt inntrykk er at med dagens statsrådsstruktur går mykje av tida for næringsministeren til å drive eigarstyring og vere i politiske debattar for symbolsaker som eigarstyring av statseigde selskap. Bedriftsforbundet ynskjer vesentleg meir fokus på det dei minste bedriftene og gründerar slit med, seier Thommessen.

Bedriftsforbundet etterlyser også ei eiga stortingsmelding om gründerpolitikk. Bedriftsforbundet har i tillegg ti hovudkrav til forhandlarane i H, Frp og V, inkludert fjerning av formuesskatten, betre skatteinsentiv for å investere i småbedrifter og gründerselskap i tillegg til styrking av rettstryggleiken og dei sosiale rettane til sjølvstendige næringsdrivande.

(©NPK)