Fjellrevbestanden i nasjonalpark kan døy ut

Situasjonen er kritisk for fjellreven på Varangerhalvøya nasjonalpark i Finnmark. Miljødirektoratet set i verk ein kriseplan og set ut 29 kvelpar i området.
innenriks

I landet som heilskap vart 2017 ein opptur for fjellreven, som er klassifisert som kritisk trua art. Det vart dokumentert 40 kull og minimum 135 individ i Noreg, mot 16 kull året før, opplyser Miljødirektoratet.

Men lengst i nord ser det likevel mørkt ut for fjellreven.

– Trass i intensiv oppfølging vart det berre registrert to fjellrevar på Varangerhalvøya, og det er tre år sidan sist det vart født kvelpekull der, skriv direktoratet.

Set ut 29 kvelpar

Dei dystre tala kjem fram i rapporten «Fjellrev i Norge 2017», som Norsk institutt for naturforsking (NINA) har laga på oppdrag for direktoratet. Utviklinga bekymrar.

– Derfor set vi ut 29 kvelpar frå avlsstasjonen for fjellrev på Varangerhalvøya no i vinter. I tillegg startar vi med støttefôring og fortset med uttak av raudrev dei nærmaste åra, seier avdelingsdirektør Yngve Svarte i Miljødirektoratet.

Universitetet i Tromsø har gjennom fleire år følgt fjellrevbestanden i Finnmark. Ein har trudd at fjellreven blir utkonkurrert av den fysisk overlegne raudreven. Derfor har Statens naturoppsyn og lokale jegerar sidan 2005 skote 2.700 raudrev i området, utan at bestanden av fjellrev har tatt seg opp.

– Dette kjem truleg av dårleg tilgang på smågnagarar, opplyser Miljødirektoratet.

– Kritisk

I 2011, som var eit toppår for lemen, vart det totalt registrert over 20 fjellrev på Varangerhalvøya, men etter dette er det berre registeret eitt kull med to kvelpar.

– Neste lementopp er forventa tidlegast i 2019, og derfor er det sannsynleg at fjellrev kan døy ut på Varangerhalvøya. Situasjonen synest å vere like kritisk over større delar av Finnmark og i område i Finland og Sverige som grensar mot Noreg, seier Svarte.

I Sør-Noreg er kulla jamt over større i år enn i fjor. Kulla fordeler seg relativt likt som i 2016, med dei fleste i Dovrefjell.

(©NPK)