Stortingsfleirtalet vil greie ut konsekvensar av norsk tilslutning til atomvåpenforbod

Eit fleirtal på Stortinget med SV, Ap, Sp, KrF og Venstre er samde om å be regjeringa greie ut konsekvensane av eit atomvåpenforbod for Noreg.

Forslaget vil bli behandla i utanriks- og forsvarskomiteen 13. desember og vil bli stemt over i Stortinget over nyttår.

– Dette er ein stor dag. Vi har no fleirtal for eit svært viktig vedtak. Det er spesielt gledeleg at vi får til dette no når ICAN skal få tildelt Nobelprisen denne helga, seier SV-leiar Audun Lysbakken til NTB.

– Vi er utruleg glade for at vi no har blitt samde med fleirtalet om at regjeringa skal greie ut moglegheita til å slutte seg til atomvåpenforbudet og støtte opp under måla i avtalen, legger han til.

Ap avviser aleinegang

Utgreiinga skal både analysere innhaldet i FN-traktaten og kva konsekvensar ei eventuell tilslutning vil ha for Noreg. Utgreiinga skal leggjast fram for Stortinget neste år, med synspunkt frå relevante ekspertmiljø, forskarar og organisasjonar, heiter det i forslaget.

Arbeidarpartiet stemte tidlegare i haust mot eit forslag frå SV om norsk tilslutning til FN-traktaten om forbod mot atomvåpen. Men Ap seier no ja til ei utgreiing, stadfestar Anniken Huitfeldt, forsvarspolitisk talsperson i partiet overfor NTB.

– Vi er positive til ei utgreiing av konsekvensane av traktaten og korleis Noreg kan slutte opp om måla i den, men vi meiner ikkje at det er aktuelt for Noreg no eller som einaste NATO-land å signere traktaten, presiserer ho.

Nato-ramme

KrF-leiar Knut Arild Hareide strekar under at Nato er hjørnesteinen i norsk sikkerheits- og forsvarspolitikk.

v\:* {behavior:url(#default#VML);} o\:* {behavior:url(#default#VML);} w\:* {behavior:url(#default#VML);} .shape {behavior:url(#default#VML);} a:link {mso-style-priority:99;} span.MSOHYPERLINK {mso-style-priority:99;} a:visited {mso-style-priority:99;} span.MSOHYPERLINKFOLLOWED {mso-style-priority:99;} p.MSOACETATE {mso-style-priority:99;} li.MSOACETATE {mso-style-priority:99;} div.MSOACETATE {mso-style-priority:99;} p.MSOLISTPARAGRAPH {mso-style-priority:34;} li.MSOLISTPARAGRAPH {mso-style-priority:34;} div.MSOLISTPARAGRAPH {mso-style-priority:34;} p.MSOLISTPARAGRAPHCXSPFIRST {mso-style-priority:34;} li.MSOLISTPARAGRAPHCXSPFIRST {mso-style-priority:34;} div.MSOLISTPARAGRAPHCXSPFIRST {mso-style-priority:34;} p.MSOLISTPARAGRAPHCXSPMIDDLE {mso-style-priority:34;} li.MSOLISTPARAGRAPHCXSPMIDDLE {mso-style-priority:34;} div.MSOLISTPARAGRAPHCXSPMIDDLE {mso-style-priority:34;} p.MSOLISTPARAGRAPHCXSPLAST {mso-style-priority:34;} li.MSOLISTPARAGRAPHCXSPLAST {mso-style-priority:34;} div.MSOLISTPARAGRAPHCXSPLAST {mso-style-priority:34;} span.BOBLETEKSTTEGN {mso-style-priority:99;} /* Font Definitions */ @font-face {font-family:Wingdings; panose-1:5 0 0 0 0 0 0 0 0 0;} @font-face {font-family:Tahoma; panose-1:2 11 6 4 3 5 4 4 2 4;} @font-face {font-family:Calibri; panose-1:2 15 5 2 2 2 4 3 2 4;} /* Style Definitions */ p.MsoNormal, li.MsoNormal, div.MsoNormal {margin:0cm; margin-bottom:.0001pt; font-size:11.0pt; font-family:Calibri;} a:link, span.MsoHyperlink {color:blue; text-decoration:underline;} a:visited, span.MsoHyperlinkFollowed {color:purple; text-decoration:underline;} p.MsoAcetate, li.MsoAcetate, div.MsoAcetate {margin:0cm; margin-bottom:.0001pt; font-size:8.0pt; font-family:Tahoma;} span.BobletekstTegn {font-family:Tahoma;} p.msolistparagraph, li.msolistparagraph, div.msolistparagraph {margin-top:0cm; margin-right:0cm; margin-bottom:0cm; margin-left:36.0pt; margin-bottom:.0001pt; font-size:11.0pt; font-family:Calibri;} p.msolistparagraphCxSpF\00F8rste, li.msolistparagraphCxSpF\00F8rste, div.msolistparagraphCxSpF\00F8rste {mso-style-type:export-only; margin-top:0cm; margin-right:0cm; margin-bottom:0cm; margin-left:36.0pt; margin-bottom:.0001pt; font-size:11.0pt; font-family:Calibri;} p.msolistparagraphCxSpMidtre, li.msolistparagraphCxSpMidtre, div.msolistparagraphCxSpMidtre {mso-style-type:export-only; margin-top:0cm; margin-right:0cm; margin-bottom:0cm; margin-left:36.0pt; margin-bottom:.0001pt; font-size:11.0pt; font-family:Calibri;} p.msolistparagraphCxSpSiste, li.msolistparagraphCxSpSiste, div.msolistparagraphCxSpSiste {mso-style-type:export-only; margin-top:0cm; margin-right:0cm; margin-bottom:0cm; margin-left:36.0pt; margin-bottom:.0001pt; font-size:11.0pt; font-family:Calibri;} span.EpostStil20 {mso-style-type:personal; font-family:Calibri; color:windowtext;} span.EpostStil21 {mso-style-type:personal; font-family:Calibri; color:#1F497D;} span.EpostStil22 {mso-style-type:personal-reply; font-family:Arial; color:navy;} @page Section1 {size:612.0pt 792.0pt; margin:70.85pt 70.85pt 70.85pt 70.85pt;} div.Section1 {page:Section1;} /* List Definitions */ @list l0 {mso-list-id:1354916619; mso-list-type:hybrid; mso-list-template-ids:-565167974 -224595368 68419587 68419589 68419585 68419587 68419589 68419585 68419587 68419589;} @list l0:level1 {mso-level-start-at:0; mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:-; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:18.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:Calibri; mso-fareast-font-family:Calibri; mso-bidi-font-family:"Times New Roman";} @list l0:level2 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:o; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:54.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:"Courier New";} @list l0:level3 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:\F0A7; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:90.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:Wingdings;} @list l0:level4 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:\F0B7; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:126.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:Symbol;} @list l0:level5 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:o; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:162.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:"Courier New";} @list l0:level6 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:\F0A7; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:198.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:Wingdings;} @list l0:level7 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:\F0B7; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:234.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:Symbol;} @list l0:level8 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:o; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:270.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:"Courier New";} @list l0:level9 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:\F0A7; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:306.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:Wingdings;} @list l1 {mso-list-id:1638144997; mso-list-type:hybrid; mso-list-template-ids:-825820798 -224595368 68419587 68419589 68419585 68419587 68419589 68419585 68419587 68419589;} @list l1:level1 {mso-level-start-at:0; mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:-; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:18.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:Calibri; mso-fareast-font-family:Calibri; mso-bidi-font-family:"Times New Roman";} @list l1:level2 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:o; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:54.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:"Courier New";} @list l1:level3 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:\F0A7; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:90.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:Wingdings;} @list l1:level4 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:\F0B7; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:126.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:Symbol;} @list l1:level5 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:o; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:162.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:"Courier New";} @list l1:level6 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:\F0A7; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:198.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:Wingdings;} @list l1:level7 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:\F0B7; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:234.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:Symbol;} @list l1:level8 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:o; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:270.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:"Courier New";} @list l1:level9 {mso-level-number-format:bullet; mso-level-text:\F0A7; mso-level-tab-stop:none; mso-level-number-position:left; margin-left:306.0pt; text-indent:-18.0pt; font-family:Wingdings;} ol {margin-bottom:0cm;} ul {margin-bottom:0cm;}

– Å få ei brei utgreiing av korleis vi best kan arbeide for ei atomvåpenfri verd innanfor ramma av vårt NATO-medlemskap er også ein fordel, seier Hareide, som også sit i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.

Han legg til at Noreg bør vere ein pådrivar for ikkje-spreiing, nedrusting og ei verd utan atomvåpen.

Abid Raja, forsvarspolitisk talsmann i Venstre, meiner at eit godt faktagrunnlag er nødvendig for å ta ei avgjerd om Noreg kan og bør slutte seg til FN-atomvåpenforbudet.

– Derfor er dette eit forslag vi alle bør stå inne for, seier han.

Katastrofale konsekvensar

Parlamentarisk leiar for Sp, Liv Signe Navarsete, minner om at alle bruk av atomvåpen vil medføre katastrofale humanitære konsekvensar.

– Vi har over lang tid meint at Noreg bør jobbe for ein internasjonalt bindande avtale som forbyr atomvåpen. Å få utreidd konsekvensane av å slutte seg til den vedtatte FN-traktaten er derfor både naturleg og viktig, seier ho.

Også Raja strekar under dei alvorlege konsekvensane ved bruk av atomvåpen, som han meiner er ein av dei største internasjonale sikkerheitsutfordringane i vår tid.

– Vi skuldar både våre barn og barnebarn å gjere det vi kan for å skape ei atomfri framtid, seier han.

(©NPK)

Siste nyhende

Ein person omkom i kollisjon i Østfold

Ein person er bekrefta omkommen etter ein frontkollisjon mellom ein lastebil og ein personbil på riksveg 111 ved Veberg i Østfold.

Stadig fleire leverer inn farleg avfall

I fjor vart det levert inn rundt 1,48 millionar tonn farleg avfall. Det er ein auke på 5 prosent frå året før, og ein auke på heile 84 prosent sidan 2003.

SSB: – Fleire lærarar gav ingen effekt på karakterane

Satsinga på 600 fleire lærarar på ungdomsskuletrinnet har ikkje gitt noka betring i karakterane til elevane. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Auka overskot for SAS

SAS hadde eit årsresultat på 1,73 milliardar svenske kroner før skatt for rekneskapsåret 2016/2017, mot 1,4 milliardar kroner i 2015/2016.

Storebrand største rentefond blir fossilfritt

Storebrand fjernar energiselskap frå sitt største rentefond for å gjere fondet fossilfritt.