Frp krev at Stortinget voterer over Hagens nobelkandidatur 

Framstegspartiet bad torsdag om at Stortinget må kunne stemme over Carl I. Hagen som representanten frå partiet i Nobelkomiteen under avstemminga fredag. 

– Vi ønsker å få votert over vår kandidat, som er Carl I. Hagen i Stortinget. Vi legger til grunn den praksisen over fleire år i Stortinget med å kunne stemme for det vi er for og imot det vi er imot og vil derfor syne til Stortingets forretningsorden paragraf 59, heiter det i merknaden som partiet torsdag føremiddag sende til Storingets valkomité.

I den gjeldande paragrafen heiter det: Ligg det fleire forslag føre i ei sak, skal presidenten sette kvart av dei under avstemming i logisk rekkefølgje. Voteringsordninga må vere oppgitt og godtatt på førehand.

(©NPK)

Siste nyhende

Ein person omkom i kollisjon i Østfold

Ein person er bekrefta omkommen etter ein frontkollisjon mellom ein lastebil og ein personbil på riksveg 111 ved Veberg i Østfold.

Stadig fleire leverer inn farleg avfall

I fjor vart det levert inn rundt 1,48 millionar tonn farleg avfall. Det er ein auke på 5 prosent frå året før, og ein auke på heile 84 prosent sidan 2003.

SSB: – Fleire lærarar gav ingen effekt på karakterane

Satsinga på 600 fleire lærarar på ungdomsskuletrinnet har ikkje gitt noka betring i karakterane til elevane. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Auka overskot for SAS

SAS hadde eit årsresultat på 1,73 milliardar svenske kroner før skatt for rekneskapsåret 2016/2017, mot 1,4 milliardar kroner i 2015/2016.

Storebrand største rentefond blir fossilfritt

Storebrand fjernar energiselskap frå sitt største rentefond for å gjere fondet fossilfritt.