Bergensbanen stengt på grunn av rasfare

Bergensbanen er stengt mellom Dale og Voss ut døgnet på grunn av rasfare. 

Dessutan må ein byggje opp att delar av bana mellom Evanger og Voss. Vossebanen går mellom Evanger og Bergen, og med buss til Voss, opplyser Bane Nor. Dette varer i første omgang fram til midnatt.

Det har regna mykje på Vestlandet den siste tida, og det er stor rasfare fleire stadar.

(©NPK)

Siste nyhende

Ein person omkom i kollisjon i Østfold

Ein person er bekrefta omkommen etter ein frontkollisjon mellom ein lastebil og ein personbil på riksveg 111 ved Veberg i Østfold.

Stadig fleire leverer inn farleg avfall

I fjor vart det levert inn rundt 1,48 millionar tonn farleg avfall. Det er ein auke på 5 prosent frå året før, og ein auke på heile 84 prosent sidan 2003.

SSB: – Fleire lærarar gav ingen effekt på karakterane

Satsinga på 600 fleire lærarar på ungdomsskuletrinnet har ikkje gitt noka betring i karakterane til elevane. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Auka overskot for SAS

SAS hadde eit årsresultat på 1,73 milliardar svenske kroner før skatt for rekneskapsåret 2016/2017, mot 1,4 milliardar kroner i 2015/2016.

Storebrand største rentefond blir fossilfritt

Storebrand fjernar energiselskap frå sitt største rentefond for å gjere fondet fossilfritt.