Antibiotikabruken framleis for stor på norske sjukehus

Bruken av breispektera antibiotika går ned på norske sjukehus, men ikkje i den takta det er lagt opp til. Det viser ferske tal frå Helsedirektoratet.

Målet for helsestyresmaktene er 30 prosent redusert bruk av breispektera antibiotika på norske sjukehus innan utgangen av 2020, men Helsedirektoratet slår fast at mange norske sjukehus ikkje vil no sitt nedtrappingsmål i år, noko som gjer at ein nasjonal reduksjon på 30 prosent kan bli vanskeleg å oppnå om ikkje reduksjonen aukar i tida framover.

Helsedirektoratet måler forbruket i definerte døgndosar (DDD), og i andre tertial i år var forbruket på 16,4 DDD per 100 liggjedøgn. I same periode i fjor var forbruket på 18.5 DDD og i 2012 på 18,9 DDD.

I november la Folkehelseinstituttet fram eit estimat basert på sal av antibiotika til apotek og sjukehus dei første ni månadene. Dette estimatet gjekk ut på at salet ville bli redusert med over fire prosent samanlikna med året før.

Folkehelseinstituttet var då positive til moglegheita for å oppnå målet innan 2020.

Det går altså nedover, men i for sakte tempo for Helsedirektoratet.

(©NPK)

Siste nyhende

Ein person omkom i kollisjon i Østfold

Ein person er bekrefta omkommen etter ein frontkollisjon mellom ein lastebil og ein personbil på riksveg 111 ved Veberg i Østfold.

Stadig fleire leverer inn farleg avfall

I fjor vart det levert inn rundt 1,48 millionar tonn farleg avfall. Det er ein auke på 5 prosent frå året før, og ein auke på heile 84 prosent sidan 2003.

SSB: – Fleire lærarar gav ingen effekt på karakterane

Satsinga på 600 fleire lærarar på ungdomsskuletrinnet har ikkje gitt noka betring i karakterane til elevane. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Auka overskot for SAS

SAS hadde eit årsresultat på 1,73 milliardar svenske kroner før skatt for rekneskapsåret 2016/2017, mot 1,4 milliardar kroner i 2015/2016.

Storebrand største rentefond blir fossilfritt

Storebrand fjernar energiselskap frå sitt største rentefond for å gjere fondet fossilfritt.