Telenor legg ned i Harstad – 81 mister jobben

81 tilsette mister jobben etter at styret i Telenor Norge har vedteke å leggje ned kundeserviceavdelinga i Harstad.

Avdelinga vert lagt ned frå 1. januar neste år og råkar ifølgje Telenor i alt 81 tilsette. Det betyr også at Telenors siste kundeservicesenter i Nord-Noreg forsvinn.

– Vår prioritet no er at våre medarbeidarar i Harstad blir varetatt best mogleg, og får individuell oppfølging i tida framover, seier Berit Svendsen, administrerande direktør i Telenor Norge, i ei pressemelding.

Sjølvbetening overtar

Ifølgje Telenor er bakgrunnen at kundane i stadig større grad vel digitale løysingar og sjølvbetening framfor å ringe ein kundebehandlar.

Avgjerda om nedlegging skulle eigentleg vore fatta i eit styremøte i oktober, men blei utsett etter at Omstillingsutvalet i fylkeskommunen påla selskapet utsetjing i ein månad for å gå grundigare inn i alternative løysingar for vidare drift og kva Telenor kunne tilføre kommunen.

Resultatet av dette er at Telenor etter forslag frå kommunen skal delta i etableringa av eit gründerfond- og senter i Harstad.

Hjørnestein

YS-forbundet Negotia reagerer svært sterkt på nedlegginga og meiner at alternativa til nedlegging ikkje er undersøkt grundig nok. Dei meiner blant anna at Telenor kunne ha brukt kundeservicetenesta til å yte service til Canal Digital-kundar, eit tilbod som no er sett ut til ein ekstern leverandør.

– Negotia trur ikkje mange forstår alvoret i at Telenor Norge AS forlèt Nord-Noreg. Når ei hjørnesteinsbedrift forsvinn i Distrikts-Noreg, rammer det atskilleg hardare enn i sentrale strøk. I denne saka meiner vi styret grovt forsømmer samfunnsansvaret selskapet har, med framleis nærvær i Nord-Noreg, seier Negotia-leiar Arnfinn Korsmo.

(©NPK)

Siste nyhende

Bryggjeritopp fekk avgiftssjokk – kalla KrF-nestleiar ein skurk

Bryggjeritopp Petter Nome kallar i ein intern e-post KrF-nestleiar Olaug Bollestad ein skurk og meiner ho har mykje av skulda for avgiftsauken på brus og snop.

Oslo Børs fell vidare

Hovudindeksen på Oslo Børs fall torsdag med 0,4 prosent til 803,95 poeng. Omsetninga enda på 2,75 milliardar kroner, nesten 4,5 milliardar mindre enn onsdag.

Ny SSB-direktør vil nullstille endringar 

Alle dei foreslåtte endringane i forskingsavdelinga i Statistisk sentralbyrå (SSB) blir sette til side, opplyser konstituert SSB-direktør Birger Vikøren.

Senterpartiet vil fryse bensinavgifta 

Sp frir til bilistane ved å fryse bensin- og dieselavgiftene og gi pendlarane eit løft i sitt budsjett. Samtidig aukar partiet skattane med 2,3 milliardar.

Bokhandlarprisen til Helga Flatland

Bokhandlarane har late seg begeistre av Helga Flatlands roman om ein moderne familie og har tildelt henne Bokhandlerprisen for 2017.