Sakna kvinne i Kristiansand funnen død

Den 59 år gamle kvinna som har vore sakna i Kristiansand sidan søndag ettermiddag, blei tysdag ettermiddag funnen død.
innenriks

Kvinna, som var psykisk utviklingshemma, blei meldt sakna av pårørande søndag ettermiddag. Den siste sikre observasjonen av kvinna var natt til søndag i Markens gate i Kristiansand sentrum. Sidan har det vore omfattande søk etter kvinna i og rundt byen.

Tysdag ettermiddag blei kvinna funnen av ein politipatrulje i terrenget ved Eg i Kristiansand. Det er ikkje noko som tyder på at kvinna har vore utsett for noko kriminelt, opplyser politiførstebetjent Kenneth Rafaelsen ved Kristiansand politistasjon.

– Kriminalteknikarar skal rutinemessig etterforske saka og den døde skal bli obdusert, seier Rafaelsen, som heller ikkje kan seie noko om dødsårsaka.

(©NPK)