Noreg valt inn i Unescos verdsarvkomite

Noreg skal dei neste fire åra vere med i komiteen som vedtar kva for nye område som skal førast opp på Unescos verdsarvliste.

Tolv nye land, deriblant Noreg, er valt til medlemmer av Unescos verdsarvkomite.

– Dette er ei stor hending for oss. Verdsarvkomiteen er ein viktig komité i FN-systemet, og verdsarvlista har stor betydning for å sikre kultur- og naturarven i verda for framtida, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).

I tillegg til å vedta nye område på verdsarvlista, har komiteen ansvaret for å overvake og forvalte områda som står på verdsarvlista og vurdere om det er land som treng råd eller hjelp.

– Det fører med seg eit stort ansvar for Noreg å vere med i komiteen. Det å komme på verdsarvlista betyr mykje for turisme, verdiskaping og moglegheita til å ta vare på dei eineståande stadene. Dette er natur- og kulturstader som vi vil vidareføre i god stand til kommande generasjonar, seier Helgesen.

Noreg har i dag åtte område på verdsarvlista, og vil ikkje fremje nye nominasjonar så lenge Noreg er medlem av komiteen.

Noregs delegasjon til komiteen skal leiast av riksantikvar Jørn Holme og fagdirektør Berit Lein i Miljødirektoratet.

(©NPK)

Siste nyhende

Bryggjeritopp fekk avgiftssjokk – kalla KrF-nestleiar ein skurk

Bryggjeritopp Petter Nome kallar i ein intern e-post KrF-nestleiar Olaug Bollestad ein skurk og meiner ho har mykje av skulda for avgiftsauken på brus og snop.

Oslo Børs fell vidare

Hovudindeksen på Oslo Børs fall torsdag med 0,4 prosent til 803,95 poeng. Omsetninga enda på 2,75 milliardar kroner, nesten 4,5 milliardar mindre enn onsdag.

Ny SSB-direktør vil nullstille endringar 

Alle dei foreslåtte endringane i forskingsavdelinga i Statistisk sentralbyrå (SSB) blir sette til side, opplyser konstituert SSB-direktør Birger Vikøren.

Senterpartiet vil fryse bensinavgifta 

Sp frir til bilistane ved å fryse bensin- og dieselavgiftene og gi pendlarane eit løft i sitt budsjett. Samtidig aukar partiet skattane med 2,3 milliardar.

Bokhandlarprisen til Helga Flatland

Bokhandlarane har late seg begeistre av Helga Flatlands roman om ein moderne familie og har tildelt henne Bokhandlerprisen for 2017.